Company
| Headquarters | Voss, Norway |
| Website | https://voss.no |
Voss Sjukeheim, område Vest har ledig 100 % stilling som sjåfør/vaktmeister frå 04.05-2020 Om arbeidsstaden Voss Sjukeheim er ein institusjon som ligg under Område Vest. Voss Sjukeheim ligg vegg i vegg med Voss Sjukehus og er i gangavstand frå Voss sentrum. Voss Sjukeheim består av 3 etasjar. 4 og 3 etasje er langtidsplassar med 29 pasientrom i kvar etasje. 2 etasje er ei korttidsavdeling med 14 pasientrom, 3 interkommunale ØH-senger, samt Sone vest, som dekkjer heimesjukepleie og heimehjelps oppgåver i område Vangen sentrum til Bolstad i vest. Sjåførane er organisert under Område Vest, avd. Fellestenester som består av transport/vaktmeister/hjelpemiddel- lager/reinhald og vaskeri. Våre sjåførar transporterar brukarar i heile kommunen til og frå ulike aktivitetar både på sjukeheimen, Hagahaugen, Nyhagen og Vetleflaten Omsorgssenter, Det er tett samarbeid mellom avdelingane her hjå oss, både i det faglege og i aktivitetane me arrangerer. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva er sjåfør, transport av brukarar. Men innimellom køyreoppdraga skal sjåføren utføra førefallande vaktmeisteroppgåver. Stillinga er i dag knytt opp til ein avdeling fellestenester, men ein må pårekna arbeid på tvers av avdelingar. Som sjåfør/vaktmeister vil du få nytta din kompetanse i heile Helse- og omsorg. Tenesta er i utvikling og organiseringa kan verta endra då me skal dreia ressursar frå inne til ute tenester. Varierte arbeidsoppgåver som krev kunnskap og fleksibilitet det vert og forventa at du deltek aktivt i utvikling av våre tenester og set brukar i sentrum. Me arbeider etter prinsippa i tillitsmodellen og helse og omsorg sin strategi " morgondagens omsorg i mine og dine hender" Me søkjer Kvalifikasjonar: Førarkort kl. D1 (Minibuss) Kompetansebevis for yrkessjåfør Personlege eigenskapar: Serviceinnstilt Nøyaktig Punktleg Ansvarsbevisst Gode norsk kunnskapar Me vektlegg personlege eigenskapar som stå på vilje, glad i utfordringar og har ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøet vårt. Våre verdiar: påliteleg, inkluderande, profesjonell, skapande. Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga. Me tilbyr Spennande og utfordrande stilling i ein kommune i utvikling gode vilkår for fagleg utvikling eit godt tverrfagleg og sosialt miljø gode forsikrings- og pensjonsordningar løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju Hentet fra: Voss kommune
| Country | City | Job Ads |
|---|---|---|
| Norway | Voss | 251 |
Loading map...
Job Ads found: 251
Job Ads per Month: 7.4
Hiring Locations: 1
| Date of first job ad | 03.02.2020, 16:34 |
| Date of last job ad | 09.06.2026, 16:56 |
| Date merged | 12.06.2026, 05:33 |
| Date created | 03.02.2020, 16:34 |