Company
| Headquarters | Fedje, Norway |
| Website | https://kystverket.no |
Er du interessert i klima og miljø? Då kan dette vere stillinga for deg! Kystforvaltningsavdelinga har ansvaret for mellom anna Kystverkets arbeid med klima og miljø innan sjøfart- og hamnesektoren. Dette omfattar utvikling av kunnskapsgrunnlaget om utslepp til luft frå skip og hamneaktivitetar, utgreiing av tiltak og verkemiddel for å nå regjeringa sitt mål om reduserte klimagassutslepp og mindre forureining. Vi søker ein medarbeidar med interesse for klima, miljø og teknologiske løysingar som kan medverke til å utvikle og formidle relevant kunnskapsgrunnlag. Arbeidsstad for tida Ålesund. Søknadsfrist: 15.03.2020 Arbeidsgivar: Kystverket Stad: Ålesund Tittel: Rådgjevar/seniorrådgjevar - Transport- og klimaanalyse Heiltid / Deltid: Heiltid Tilsettingsform: Fast Stillingsprosent: 100 Webcruiter-ID: 4197311986 Stillingar: 1 Sosial deling: Arbeidsoppgåver Vere med å utvikle kunnskapsgrunnlaget om klimagassutslepp og forureining frå skip og hamneaktivitetar Utvikle kunnskap om effekt av tiltak og verkemiddel for sektoren Kunnskapsformidling Samarbeide med relevante miljø internt og eksternt Utgreiingsoppgåver og noko sakshandsaming Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning; hovudfag- eller mastergradnivå Erfaring frå analyse og utgreiingsarbeid vil bli vektlagt Ved omfattande og relevant erfaring innan fagområdet kan redusering av utdanningskravet bli vurdert God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Personlege eigenskapar Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Sjølvstendig og initiativrik Analytisk og strukturert Fleksibel og løysingsorientert Evne til å samarbeide på tvers av ulike fagområder og administrative grenser Kunne arbeide i tråd med verdiane til Kystverket: framtidsretta, engasjert og påliteleg Vi tilbyr Eit godt, dynamisk og til tider hektisk arbeidsmiljø med interessante arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer Konkurransedyktige vilkår Ei utfordrande stilling med utviklingsmoglegheiter God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse Lønn som rådgivar (1434)/seniorrådgivar (1364), kr 570 000 - kr 730 000 etter kvalifikasjonar, relevant erfaring og eigenskapar Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke stillinga. Staten gjennomfører forsøk med anonyme søknadar. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar for intervju. Forsøket blir evaluert av Digitaliseringsdirektoratet, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen. Det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i forbindelse med forsøket og evalueringa. Reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.
| Country | City | Job Ads |
|---|---|---|
| Norway | Alesund | 206 |
| Norway | Horten | 61 |
| Norway | Kabelvåg | 48 |
| United States | Chickasha | 39 |
| Norway | Haugesund | 36 |
| Norway | Fedje | 20 |
| Norway | Arendal | 18 |
| Norway | Tromsø | 16 |
| Norway | Vardø | 10 |
| Norway | Lødingen | 7 |
Loading map...
Job Ads found: 461
Job Ads per Month: 13.2
Hiring Locations: 10
| Date of first job ad | 14.11.2019, 07:30 |
| Date of last job ad | 07.06.2026, 22:00 |
| Date merged | 12.06.2026, 04:15 |
| Date created | 14.11.2019, 07:30 |